Følgere

søndag 19. mars 2017

Hipp Hurra 3 År I Dag.


Project Life I Norge feirer 3 år i dag!!
Og i den forbindelse har me ein kjekk utfordring gåande
med mange flotte premiar. Ta ein titt HER.
Her er mitt jubileumsbidrag.

Dette bildet er min inspirasjon:


Det måtte jo bli ei side av ein av våre turar til Thailand.
Det salte havet, den søte ananasen og den klare blå himmelen...














Husk å levera inn ditt bidrag til Project Life I Norge. Og for å få
eit ekstra lodd i trekninga, kommenterer du dette innlegget, og hos
dei andre i teamet sitt 3års-innlegg.



søndag 15. januar 2017

Project Life.

Nytt år og nye muligheter :-)
Her er mitt bidrag til PLIN - Januar 17.
Oppgava var eit inspirasjonsbilde. Eg har latt meg inspirera
av dei blå/turkise fargane og svart/kvitt bildet.

Her har eg hatt det gøy med Snapchat-filter.... Så eg
starta årets album med bilder av meg sjølv :-)



 Den eine tag'en er stansa ut i Smiley-ark frå Kort og Godt.
Enkelte smilyar er fargelagt og påført Glossy Accents. Nokre
av dei har eg klypt ut, og pynta med  rundtomkring på sida.










UUUPS.... Ser no at 11/1 er i uke 2.  Okei.. får vel
retta på det då.. ;-)

Ha ein fin dag!
Mona :-)




mandag 2. januar 2017

Jul på 70-tallet.

Eg får starta med ønske om eit Godt Nyttår!!

Har leita fram bilder fra min barndoms jul frå siste halvdel
 på 70 tallet. Bildene er tatt på julafta og i romjula. Og
det var visstnok ei kvit jul, sånn som det pleide å vera
før i tida :-). Det må ha vore kaldt lenge òg sidan det
er is på vatnet.



 ...Og her er eg... På støtteskeiser.. på Henangervatnet :-)



Ønsker alle ein fin dag!!
Mona :-)

lørdag 22. oktober 2016

Project Life.

Her er mitt bidrag til oktober-utfordringa til PLIN
Eg har latt meg inspirere av fargar. lauv og teksten.












Ønsker alle ein fin lørdagskveld!!
Mona :-)

onsdag 21. september 2016

Project Life.

Septemberutfordringa hos PLIN.
Der var stemningen i bildet som utfordra meg denne gongen.
Avslappande....Sjelero...bekymringsfri....
Den følelsen har eg når eg er på denne vakre øya, og ser utover 
sjøen. Dette er ein draumeplass!! Skuldrene senker seg og
bekymringane forsvinn..









Ha ein fin dag!
Mona :-)

onsdag 24. august 2016

Bryllupskort.



Tidligare i sommar var det bryllupskort det gjekk i. 
Her viser eg to veldig enkle kort, der eg ikkje har brukt 
mønsterark. Har kun brukt embossingfolder og minialt
med pynt. Dei er vel innafor "Clean and Simple" kategorien :-)
















Ha ein fin dag!!
Mona :-)

fredag 5. august 2016

Project Life.


Mitt bidrag til Project Life Norge si august-utfordring.
Det var det rosa i inspirasjonsbildet, som inspirerte meg.














Ha ein fiiin dag!
Mona :-)



onsdag 3. august 2016

Puter i oldemorsruter.


For ei tid tilbake hekla eg desse putene i oldemorsruter. 
Det er berre brukt restegarn som eg har fått av mor mi.
Alt garn var av sånn ca. samme kvalitet/tjukkelse.
Hadde store ambisjoner om at dette skulle bli eit teppe, men eg 
gjekk tom for enkelte fargar, så då blei det to puter i staden.












 Her er eg begynt på ei ny reste- pute.... 
Desse restane er alle i Finull fra Rauma

Ha ein fin dag!
Eg koser meg med hekling og myyykje meir!!
Mona :-)

mandag 30. mai 2016

Tag.


Eg har laga ein bursdags-tag med shakereffekt
inni blomsten. Har brukt diverse dies og punsh.
Teksten er stempel frå Papirdesign.

Eg bli med på desse utfordringane:









Ha ein fin dag!!
Mona :-)




lørdag 14. mai 2016

Shaker kort.


Då har eg laga eit shaker kort igjen, i to av ynglingsfargane
 mine, lime/grønn og turkis. Bestemte meg for at eg ville bruka
 av dei gamle mønsterarka mine, og eit gammalt stempelmotiv.
Må bruka litt av det gamle eg har liggande før eg kjøper noko nytt....

Motivet har eg fargelagt med Distress Markers, og pynta det
 enkelt med paljetter, washi-teip og utstansa bobler.

Eg blir med på utfordringa hos:









 Ei enkel innside...


Ha ei fin dag!
Mona :-)