Følgere

torsdag 23. april 2009

Besøk på hobbyrommet.

Midtstill
I går då eg satt i min eigen verden på hobbyrommet,
stakk Kristine hovudet inn: "eg òg vil laga kort ".
Som sagt, så gjort... Her er resultatet.
Ho har fargelagt stempelmotivet med Le Plum
tusjar og vannpensel. Blomsten har ho laga av
3 stk. utstansa stor retroblomst, med ein splittbinders
i midten. Alt har ho gjort sjølv!!!







Her er det eg har sysla med dei siste dagane.
Ein koffert/boks til oppbevaring av kort.
Denne er ein bestilling til ein konfirmant.
Oppskrift på boksen har eg funnet på papirgleder.no
sine kreative sider.



onsdag 22. april 2009

Kort til konfirmant.

Har endelig fått laga et konfirmasjonskort
til jente... Det er jo det som er kjekkast;)


Inni kortet er det stempla et dikt
til konfirmanten, og ein liten anordning til å
festa pengar.

fredag 17. april 2009

Kvardagsenglar





Eg likar og sy litt innimellom. Kan ikkje leike
meg med papir heile tida.. Variasjon er bra!!
Så i påskeferien fann eg fram symaskina,
og sydde nokre heilårs-englar:)

Alltid like spennande å finne fargar
som passar i lag...


Synest sjøl at resultatet blei bra....







Blir nok til at eg har dei for salg på
julemessa.... (begynner produksjonen
tidligt).

mandag 13. april 2009

Bloggveninne

Vintagebilder brukar eg mykje når eg lager kort.
Det gjer også min veninne.

Ord på veien...


Eg er veldig glad i sitater og visdomsord.Så
derfor har eg samla eit lite knippe i ei tagbok.
Idèen til tagboka fann eg på Youtube.


Inni boka.
Englebildet er funnet på internett.
Har pynta med blomar og bånd.



Eg har ikkje bestemt meg om eg skal gje den vekk,
eller om eg skal ha den sjøl.....

Trur eg har denne sjøl, og så lagar eg ein ny i gave.....


fredag 10. april 2009

Ja, då var eg i gang...


Det nærma seg konfirmasjons-tid. Og eg
kjenne ein drøss så har konfirmantar i år,
så det er berre å setja i gang......


Og sjølvsagt er det flest gutar.... Eg slite litt
med gutakort, skal liksom ikkje vera for mykje
blomar og blonder...