Følgere

lørdag 30. mai 2009

Kort med vindu.


Tenkte eg skulle prøva meg på eit kort med vindu.
Vinduet er stansa ut i Cuttlebuggen med Quickutz
CC Nesting Ovales. Stempla og embossa motivet på
transparang, og monterte det i vinduet.

Har pynta med blomar, tag og utstansa kvistar. Anker er
Karen Marie klipp fra Panduro.

Inni kortet har eg brukt alkohol-blekk på glossy kartong.
Og stansa ut med Spellbinders dies. Eg monterte den slik
at den viste gjennom vinduet som ein slags himmel/hav
bakgrunn til seilbåten.

torsdag 28. mai 2009

Sminkevesker.

Eg har putla litt med symaskina òg i det siste. Eg ville prøva ein
teknikk der ein kunne overføra bilder til stoff.
Printa ut bilder på spesialpapir,(kjøpte mitt hos fotobutikk),
klipte ut og strauk på stoffet.
Har sydd fleire små vesker/sminkepungar. Her er noken av dei....
Dei er sydd i lin og er ca. 13 X 13 cm.
Nokre av motiva er funnet på Shabby Chic papirskatter.
Dette er kjekt arbeid å sitja ute med når det er fint vèr.
Glidelås og lukkekant er sydd for hand.

onsdag 27. mai 2009

To nye kort.

Har hatt fri i dag, så då har eg kost meg på "rommet" mitt.
Fekk laga to kort, før den derre samvittigheten sa at eg burde
gjera litt husarbeid...!!

Stempelmotivet er fargelagt med Distress Ink.
Fekk pakke i posten i går, og fekk bl.a ein border punch,
sunburst, fra Fiskars. Har testa den ut på det eine papiret.
Har ellers pynta med blomar og bling.

Motivet er funnet på Shabby Chic Papirskatter.
Notearket er fra ei gammel sangbok.
Pyntenåla er heimelaga.

mandag 25. mai 2009

ProMarker endelig i hus.

Ja då var endelig ProMarker-tusjene kommen heim til meg!!
Har fått testa dei litt ut, men eg synest ikkje eg har fått heilt dreisen
på dà enno.. Manglar blenderen... Kommer snart i posten:)
Men øvelse gjer mester...!
Her er eit brette-kort som eg fann "oppskrift" på i eit
svensk blad som heiter: Scrapbooking m.m.



Har òg snopt meg ny Martha Stewart punch. Roseblad....
Den er veldig kjekk å ha sa ho på butikken, og det hadde
ho jammen meg rett i...

Inni kortet.
Skrivefeltet inni kortet.

lørdag 16. mai 2009

Siste nytt....

Har to nevøer som har burdag snart. Trur egentlig at dei ikkje
bryr seg så mykkje om kortet er heimalaga eller kjøpt.....
Men eg synest det er kos å laga det sjøl!! (Er vel det som er inni
kortet som er viktigast he-he).
Vel-vel, eg har laga to do-rull-kort...




Dette kortet begynte eg på for to veker sidan. Satt heilt fast med
korleis eg sku`setta det sammen, så eg la det liksågodt vekk.
Har sjegla bort på det med jamne mellomrom, og i går løsna da`...
Er ganske fornøyd med resultatet.

Dette kortet er et resultat av et treff eg var på i forige veke.

To mini-kort. Takk for inspirasjonen Ingunn!!!
Kjekk måte å få brukt opp restepapir på. Til å hengja på
ein blomsterkvast eller liknande...

onsdag 13. mai 2009

Dei siste konfirmasjons-korta.

Ja no har eg endelig fått årets konfirmasjons-kort-produksjon
unnagjort!!! Trur faktisk eg har nåken i reserve...

Dette kortet blei laga på treff som eg var på forige helg.
Bakgrunnen er embossa med cuttelbuggen og sverta med
brun distress. Bladene har fått litt glitterlim på seg.
"Slips-knuten" er funnet på intenett.

Et Penn Black stempel, fargelagt med distress. Stempla svirler
rundt kanten, og pynta med blomar og bling.
"Til konfirmanten" er skrevet på pc`n.

Motivet er funnet på internett.
"Til konfirkanten" er skrevet på pc`n. Bølgepappen er sverta
med Distress, og deretter påført Perfect Pearls.
Har ellers pynta med blomar og utstansa sommerfugl.


To kort som sneik seg med..... Dei er laga for ei stund sidan.


Motivet på det øverste er fargelagt med Le Plume tusjar, og
det andre motivet har eg brukt akvarellblyantar.


søndag 10. mai 2009

Pompadurer og hjerter.

Man tar ei gammel dongeribukse, og vips så har man
4 pompadurer..... Det var Marie si bukse som gjekk i
det denne gongen : )


Teknikk: "rufseteknikk".


Hjertene er sydd i bomullstoff og vingene i lin.
Mønsteret er funnet i boka:"Jul med Tildas
venner", av Tone Finnanger.

Desse hjertene er sydd i lin.Pynta med litt blonder, så blir dei litt nostalgiske...

fredag 8. mai 2009

"Bi-kube"....

Var på besøk i Scrappekjelleren i Haugesund.
Dei hadde mange fine modeller stående, bl.a
denne boksen med "overaskelse".. Deres versjon
er å finne på bloggen deres. Her er min versjon.



Når en åpner boksen, "spretter" biene ut av den.
Biene er stempla og klipt ut. De er montert på stiv
plast, sammen med et utstansa blad. I bunnen er det en "blomster-eng".


mandag 4. mai 2009

scrappetreff.

Var på scrappetreff i helga. Det var ei kjempekjekk
og inspirerande helg. Gler meg allerede til neste gong.
Ikkje alltid eg er så produktiv på slike treff, men eg
fekk no laga sorten...


Brette-kort med bilde henta frå internett.


Fekk prøva å fargelegga med Pro Maker tusjer.
Og dei var jo heilt suuuupre!! Så no skal dei anskaffast.
Bakgrunnen er lek med alkohol-blekk på transparang.
"Glede" er stempla og embossa.


Denne boksen er omgjort fra blomsterboks til godteboks.






Skal snart bli tante til ein gutt. Og då må
det jo lagast kort....


Nærbilde......

Det var òg ein kort-konkuranse på treffet Og den ville eg prøva
meg på. Me skulle laga eit fint kort med fin fasong.
Eg prøvde etter beste evne..... Og jammen meg så
vant eg!! Eller rettare sagt me var to som delte
første plassen.
Kortet er veldigt enkelt laga. Kutta av ein del av
framsida, og skøyta på ein bit transparang.
Dekka overlappinga med blonder stansa ut med
fiskars border punch. Limte på utstansa bokstaver,
og div. pynt.


Stempelet er fra Ladybug and friends. Og fargelagt
med Distress Ink og Le Plume tusjane.
Desse to (Hege og Bente), satt eg å lo og grein med
heile helga.... Tusen takk for ei flott helg i lag med
dåke jenter!!
Flotte kort som dei har laga.
Lure på om dei blei litt inspirert av vinnarkortet.....(he-he)


fredag 1. mai 2009

"Nye" kort fra meg.

Desse kortene blei laga for leeeenge
sidan, men eg må jo få lagt dei inn her...


Dette stempelet fekk eg til morsdagen hos
jentene mine.Et kort blei laga i rosa/rødt.

Og et i lilla/gult....


På desse tre korta er motivet et Sarah Kay stempel.
veldigt kjekt å lage kort med samme stempel, og alikevel
blir dei ulike....